Karl Seglem og Thea Hjelmeland vinn Kardemommestipend - NOPA
  • EN
  • Kalender 22

Karl Seglem og Thea Hjelmeland vinn Kardemommestipend

Får Thorbjørn Egners Kardemommestipend på 50.000 kroner kvar.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Karl Seglem og Thea Hjelmeland fekk Kardemommestipend på 50.000 kroner kvar. Foto: Christoffer Krook

Egner-familien heidrar kvart år komponistar og tekstforfattarar som har utmerka seg det siste året gjennom Kardemommestipendet. I år vart stipenda delt ut under NOPAs priskonsert på Cosmopolite Scene i Oslo 5. november. Årets vinnarar er Karl Seglem og Thea Hjelmeland, som begge får 50.000 kroner.

– Eg er så utruleg glad og takksam for denne prisen! Eg kjenner meg beæra, og det er heilt spesielt å få ein slik pris av kollegaer som veit kva arbeid som ligg bak, seier Thea Hjelmeland.

Juryen la vekt på at Hjelmeland er utforskande når ho komponerer, og trakterer både ulike instrumenter og brukar tekstane til å fortelje historier.

– NOPA er ein god organisasjon å vere del av og bli støtta av, så eg er rørt av denne tildelinga. Med dette stipendet får eg moglegheit til å arbeide med nye prosjekt, og det gler eg meg til å få høve til! No skal eg lage ny musikk og gler meg til dele det med lyttarane. Tusen takk, legger ho til.

Fornyar tradisjonsmusikken

Den andre mottakaren av stipendet, Karl Seglem, vart heidra for si fornying av tradisjonsmusikken og for at han utforskar nye vegar musikalsk.

– Eg er takksam og glad for å motta Kardemommestipendet 2019. Eg har vore medlem av NOPA sidan 1986 og det er ekstra inspirerande at stipendet kjem frå kollegaer. Det norske språk og musikken er under press, men eg håpar det også i framtida er plass til litt sjeldne eigenarta fuglar som går nye vegar og utfordrar sjangergrenser og lyttarar – med instrumentalmusikk, som er det eg i hovudsak arbeidar med, seier Seglem.

– Høg kvalitet for ungdom

I årets jury for Kardemommestipendet sitter Askil Holm, Tove Kragset og Torgeir Rebolledo Pedersen. Blant tidligare vinnarar finn vi mellom anna Jan Eggum, Lillebjørn Nilsen, Silje Halstensen og Kari Bremnes. Juryens grunngjeving seier:

Thea Hjelmeland

«Årets mottakar av Kardemommestipendet er vokalist, multi-instrumentalist, komponist og tekstforfattar. I tillegg til si eiga artistkarriere komponerer ho musikk for teater, film og danseførestillingar. Mottakaren er utforskande i sin musikalitet, trakterer mange ulike instrumenter og har et godt forteljargrep om tekstene sine, som ho viser både i albumutgivingar og sceneførestillingar.

Ho har motteke Spellemannprisen i 2014 og 2018 i kategorien Indie, samt Edvard-prisen i 2015. Ho spenner vidt i sitt musikalske virke, og har jobba aktivt med å turnere og skape gode liveproduksjonar av høg kvalitet for ungdom. Stipendet skal brukast til nye soloutgivingar som er venta i nær framtid.

Vi gratulerer Thea Hjelmeland med Kardemommestipendet!»

Karl Seglem

«Årets mottakar av Kardemommestipendet er komponist og utøvar med røter i folkemusikktradisjonen. Han har sterk forankring både nasjonalt og internasjonalt, og har skapt eit helt eige musikkutrykk i grenselandet mellom jazz, folkemusikk og elektronika.

Karl Seglem nærmer seg 40 albumutgivelser og 1000 registrerte verk i TONO. Han har sidan tidleg 2000-talet jobba som bandleiar og soloartist. Sentralt i hans lydunivers er hardingfela, og samarbeidet med spelemannen Håkon Høgemo. Han har komponert mange bestillingsverk og framstår i dag som ein komponist, tenorsaxofonist og bukkehornspelar med ei heilt særeiga stemme.

Juryen vektlegg kreativitet og originalitet i mottakarens musikalske virke. Hans omfattande produksjon viser ei evne til å fornye folkemusikktradisjonen også med tanke på utprøving av instrumenter. Han er ein pioner på sitt felt, og er stadig på jakt etter nye musikalske veier å utforske. Stipendet skal brukast til ei oppfølging av albumet Nunatak frå 2018.

Vi gratulerer Karl Seglem med Kardemommestipendet!»

Om Kardemommestipendet

Kardemommestipendet er ei gåve frå Egner-familien, og gis som ei påskjønning for arbeid som er gjort, og ein stimulans til vidare produksjon av musikk. Stipendet på kr. 100.000 deles som regel på to personer. I tillegg får stipendmottakarane et diplom teikna av Thorbjørn Egner. Årets vinnarar er Karl Seglem og Thea Hjelmeland, begge frå Sogn og Fjordane.