Sondre Bratland til Havna - NOPA
  • EN
  • Kalender 26

Sondre Bratland til Havna

Ein samtale om folketradisjon og den norske tonekjensla.
Sondre nettside

Sondre Bratland har gjennom dei siste 30 åra markert seg som ein viktig folkesongar i Noreg. Han har gitt ut 13 soloalbum og medverka på 25 andre album. Bratlands uttrykk spenner frå religiøs folkesong til norsk kvedartradisjon og country. Han har vore med på å sprengje grenser mellom ulike musikksjangrar og slik gjort norsk folkesong tilgjengeleg for eit større publikum.

På Havna-seminaret skal me få høyre ein samtale om folketradisjon, songlaging, visediktning og den norske tonekjensla. Intervjuar er Hans Fredrik Jacobsen, musiker, artist og komponist, busett på Tolga i Hedmark fylke. Han har gitt ut fleire solo-album, og er kjend for sitt lange samarbeid med Tone Hulbækmo. Han er medlem av middelaldermusikkgruppa Kalenda Maya. I tillegg er han en mye brukt konsert- og studiomusiker på en rekke instrumenter, særlig fløyter, og har medverka på over 100 innspelingar.

Meld deg på Havna her.