– Søk fordjupningsstipend - NOPA
  • EN
  • Kalender 19

– Søk fordjupningsstipend

Komponistenes verderlagsfond deler ut fordjupningsstipend på 268 000 kroner.
Karl Seglem nettside link FOTO Morten Lindborg
Karl Seglem er NOPAs representant i Komponistenes vederlagsfond. Foto: Morten Lindborg

Komponistenes vederlagsfond nærmar seg årets søknadsfrist. Fondet gir moglegheit til å søkje både arbeids-, reise- og fordjupningsstipend. Sistnemnde er på 268 222 kroner, og skal bidra til at komponisten kan fordjupe seg i eitt år.

Fordjupningsstipendet har søknadsfrist berre ein gong i året, og i fjor fekk fleire NOPA-medlemmer innvilga sine søknader.

Årets søknadsfrist er 2. september klokka 13.00. Du finn kriterier og søknadsskjema her.

Tips til søknaden din

Me har tatt ein prat med styreleiar for Komponistenes vederlagsfond, Karl Seglem, om kva ein bør tenkje på når ein søkjer fondet.

– Kvifor bør ein søkje fordjupingsstipendet til Komponistenes vederlagsfond?

Fordjupingstipendet til KVF er unikt og spissa i høve formålet som det står: “KVF formål er å støtte skapende tonekunst, uansett genre. Støtte skal komme de komponister til gode som gjennom noen års virksomhet har ytt en kvalitetsmessig verdifull innsats (vedtekter, §1)”

Her finst midlar som komponistar (altså berre SKAPANDE verksemd) kan søkja når dei har eit kunstnarleg prosjekt ein vil gå djupare inn i. Dei siste åra har talet på søknader minka. Styret ynskjer – og oppmodar fleire medlemmar både frå NOPA og Norsk Komponistforening til å søkja.

– Kva ser de etter i søknaden?

Vi handsamar alle søknader nøye og vurderer både realismen i prosjektet og søkarens kunstnariske kvalitetar, ut frå tekst og lyd vedlagt søknaden. Styret er samansett av personar med brei og ulik erfaring i musikkmiljøet, med kjennskap til mange sjangrar, miljø, komponistar/musikarar/personar i norsk musikkliv. Alle i styret spelar inn sitt syn som blir teke med i den samse felles vurdering som ligg til grunn for avslag eller tilslag. Les kriteriene nøye, men ikkje skriv for lang søknad.

Kriteriane til Komponistenes vederlagsfond seier at prosjektskildringa skal innehalde:

«En grundig beskrivelse av fordypningsprosjektet som skal gjennomføres.

Hvilke komposisjonsrelaterte utfordringer som det skal arbeides med.

Målsetting som forklarer hvordan dette prosjektet er avgjørende for søkerens arbeid som komponist.

En realistisk plan for gjennomføring innenfor stipendperioden.»

– Har du andre tips?

Vær realistisk – brenn ! Og vis at du vil bruka minimum eitt år på å gå i dybden i din musikk, og tenk litt meir langsiktig enn du kanskje gjer til vanleg. Kvifor treng du akkurat dette stipendet no? Er ditt prosjekt noko du har eller vil arbeida med lenge for å få realisert, er stipendet frå KVF “perfekt” å søkja på.