Sigmund Groven – eit liv i musikken - NOPA
  • EN
  • Kalender 26

Sigmund Groven – eit liv i musikken

Over 300 komposisjonar, utallige kunstnarsamarbeid og turnering over landegrensenene. Æresmedlem Sigmund Groven kan verkeleg skilte med eit livslangt kunstnarskap.
Sigmund Groven Foto Marthe Vee
Frå venstre: Ivar Anton, Waagard, Sigmund Groven og Kristian Lindeman. Foto: Marthe Vee

Då NRK skulle lage sin aller fyrste julekalendar, «Jul i skomakergata», kryssa vegane til NOPA-medlemmene Sigmund Groven og Kristian Lindeman. Groven spelte munnspel og Lindeman fekk i oppgåve å vere produsent for LPen med kjenningsmelodiane.

Både Groven og Lindeman fekk fart i karriera si i NRK, Lindeman som sjef for Norsktoppen, og Groven som Hallo-mann. Alt i 1977 komponerte Lindeman “Tre bagateller for munnspill og strykekvartett” for Sigmund Groven, eit verk som ble uroppført i NRK.

Sigmund Groven i starta av karriera, som 18-åring.

Denne månaden, 40 år seinare, gir dei ut samarbeidsplata «Songs for Harmonica». Musikken er skrive av Lindeman, og som tittelen seier, er musikken skrive for Groven og munnspelet hans. Mellom anna har Lindeman skrive eit stykke til Sigmund då han blei slått til ridder.

Internasjonal karriere

Frå listeplasseringar i Sør-Korea, konsertar i New Yorks Carnegie Hall og oppdrag i Tokyo; det er ikkje ein krik eller krok Groven ikkje har vitja med munnspelet sitt. Etter ein konsert med symfoniorkestret i Dallas vart han utnemnd til æresborgar av Texas. For nokre månader sidan spela han for fullsett konsertsal i Singapore.

Korleis held ein seg oppdatert og fornyar seg over så lang tid?

– Alle dei forskjellige tinga eg held på med påverkar kvarandre. Eg har vore borti så mykje forskjellig, som studiomusikar og etterkvart komponistar som har skrive for meg i ulike stilartar – både norske og utanlandske, seier Groven.

Hans aller viktigaste inspirasjon er Tommy Reilly, som seinare vart ein viktig samarbeidspartnar. Den siste tida har han skrive for den klassiske gitartrioen, Arctic Guitar Trio, og i fjor tonesette han dikt av Hans Børli.

– Eg kan alltids lage ting ut ifrå ein tekst, men viss det ikkje treffer meg, blir det ein konstruksjon. Det er det same med dersom eg skal skrive for andre, må det vere folk og instrumenter som eg er nysgjerrig på.

Det siste året har han også undervist ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.

NOPAs styre på 90-tallet. Fra venstre: Robert Levin, Sigmund Groven, Alfred Næss, Steinar Ofsdal, Sigurd Jansen, Casino Steel og Arne Bendiksen. Foto: Morten Krogvold

Har forma NOPA

Groven har vore tillitsvald i fleire år for NOPA, og kan skilte med tretten år som styremedlem mellom 1986–1999. I tillegg har han sitte i styret for TONO.

I tida han sat i styret arbeidde dei mellom for meir norsk musikk i media, meir rettferdig avrekningssystem i TONO og fleire stipend til populærmusikk-komponistar og tekstforfattarar.

Kva har NOPA-medlemskapet betydd for deg desse åra?

– Det har vore kjempeinteressant. Det er ein flott foreining, fordi ho spenner så vidt – både stilmessig, og at det er tekstforfattarar og komponistar.

– Det er ein fin møteplass og fine faglege forum, som Havna-seminaret. Du møter gamle gode venner som du har jobba med lenge, også plutselig sitt du med nokon du ikkje aner kven er. Eg har blitt kjend med masse interessante folk, og det oppstår samarbeid. Så eg syns det er ein veldig viktig organisasjon.