Betre sjukepengdekning for sjølvstendig næringsdrivande - NOPA
  • EN
  • Kalender 19

Betre sjukepengdekning for sjølvstendig næringsdrivande

Dekninga aukast til 80 prosent.
Tove Bøygard Foto Anne Valeur

NOPA har det siste året kjempa for at komponistar og tekstforfattarar skal ha bedre dekning av sjukepengar. I dag kom gladnyheita om at Venstre føreslår å auke sjukepengedekninga til 80 prosent.

Sjølvstendig næringsdrivande har i dag ikkje krav på meir enn 75 prosent av sjukepengegrunnlaget det første året, medan lønnsmottakarar har 100 prosent dekning. No føreslår Venstre å auke dekningsgraden.

– Vi vil ikkje at folk skal velge bort å starta si eiga verksemd på grunn av dårlege velferdsordningar. Tvert imot trenger vi insentiv som gjer at fleire tek steget, seier Terje Breivik, parlamentarisk leiar i Venstre.

BETYR MYKJE

I samarbeid med Kunstnernettverket, som samlar 30.000 medlemmer innan alle kunstformer, har NOPA kjempa for å auke dekningsgraden.

– Dette betyr så mykje, den tryggheten at ein stadig klatrar nærmere 100 prosent. All honnør til Venstre som har stått på for dette. Dei er virkelig i førersetet for å styrke sjukepengegrunnlaget for sjølvstendig næringsdrivande, seier Tove Bøygard, nestleiar i NOPA.

NOPA har meldt inn krav om 100 prosent dekningsgrad både til kunstnermeldinga og kulturmeldinga, som det vert arbeidd med i år. I tillegg har vi hatt møte med Skei Grande og andre politikarar.

NOPA og Kunstnernettverket møtte kulturminister Trine Skei Grande 22. november 2018. Foto: Maja Grabia