• EN
  • Kalender 23

Prøysenprisene 2025 hedrer både en legende og nye stemmer

Prøysenpriser til Åse Kleveland, ULD og Neda Alaei.
nopa.no – prøysen 2025
Foto: Frank Michaelsen

Siden 1974 har Prøysenprisene vært en av de mest høytidelige markeringene i norsk kulturliv. Foto: Frank MichaelsenPrøysenprisene 2025 deles ut under konserten «Prøysen tel by’n» i Kulturkirken Jakob lørdag 22. november – en kveld viet til å feire Alf Prøysens liv og virke.

Årets pris-mottakere viser bredden i norsk kulturliv, fra viselegender via ungdomslitteratur til et av landets mest lovende band.

Prøysenprisene deles ut av Norsk Viseforum, Norsk Barne- og Ungdomsbokforfattere, Prøysenhuset og NOPA.


Alf Prøysens ærespris 2025 til Åse Kleveland

…arbeidssam avgjerande heiderskvinne. Stjerne i Sverige, utland og Norge Rundt. Eit liv i teneste for kulturen. Med sangar om Krøderbanen og Det Gåtefulle Folket, Midt på Natta og Stor Slem Pike…

Æresprisen til Alf Prøysen går i år til ein person med svært lang fartstid i norsk kulturliv. Fyrste gongen ho var å høyre på radio, var ho ti år gamal, og det var i 1959.

Med særprega og uttrykksfull stemme, og eit botnsolid klassisk gitarspel, debuterte vedkommande for fullt som 16-åring, som komplett visesanger på morsmålet. Saman med Alf Prøysen har Grand Prix-vinnaren frå 1966, også spelt. Blant anna i eit episk vakkert samspel i NRK i 1970, du finn det i NRK-arkivet, og det er berre å nyte! Frå 1977 til 1980 var prisvinn-aren sentral medlem i visesanggruppa Ballade. Og ho er faktisk den einaste i den legen-dariske populære visefirarbanden, som til no – ikkje har motteke nokon Prøysenpris. Ho har komponert fleire sangar i visetradisjonen. Og i tillegg har prisvinneren tolka mange norske og internasjonale låtklassikarar, med stor innleving og stor suksess, både her til lands, og utanlands. Sangar som tok ho verda rundt på turne. Framleis, den dag i dag, opptrer prisvinnaren for fullt i norsk musikkliv. Seinast i 2020 gjorde årets prisvinnar eit imponerende comeback med langspelplata “På frihjul”. Plata er hylla for tidlaus kvalitet.

Innsatsen hennar strekkjer seg langt utover utøvarnivå: Prisvinnaren har også hatt ei mengde leiande stillingar og viktige roller i norsk musikk og kulturliv. Ho var vore kulturminister, direktør for Rikskonsertane, kultursjef for OL på Lillehammer, direktør for Svensk Filminstitutt, og ho har vore ein aktiv debattant og foreleser, blant anna i UNESCO og ved Humboldt-universitetet i Berlin.

Gjennom sitt iherdige arbeid har æresprisvinnaren vore uredd forkjempar for rettigheitene til kunstnaren og kunsten, likestilling og internasjonalt samarbeid. Ho har vore avgjerande viktig brubyggjar mellom kultur og politikk, og hennar innsats har sett varige og djupe spor i norsk kulturliv.

(Ho blir den fjerde kvinna i Prøysensprisens femtiårige historie som mottek Æresprisen.)

Ein av Noregs mest allsidige og innflytelsesrike kulturpersonar. Menneske, det lysande livsver-ket, og det ustoppelege arbeidet i og for kulturen, gjer Åse Kleveland til ein svært verdig mottakar av Prøysenprisens Ærespris 2025.


Prøysenprisen 2025 til ULD

ULD

U for unge. L for lovende. D for … dedikerte? Dristige? D for dristige og dedikerte! Og U for utforskende, urfremførende og ulykkelige? I hvert fall litt ulykksalig musikk, men også L for lysende! Og D for dyktige må med.

Men først og fremst U for Une, L for Lucia og D for Dagny.

Årets Prøysenpris går til en gruppe, som på imponerende vis allerede har befestet seg som et av de mest lovende og spennende bandene her til lands.

ULD er som et sus over furukrona, som rein og ubrukt står, som en lovnad om at morgenda-gen i norsk musikkliv er lysende. For med sine tidvis dystre låter og melankolske stemning er de allikevel et oppløftende og friskt pust på den norske musikkscenen.

De har åpenbart truffet en nerve i tiden med sitt organiske lydbilde, og har på kort tid fylt store og små scener, headlinet festivaler, og vært på en nesten fullstendig utsolgt turné i Danmark. Det betyr at folk har behov for nettopp dette, nettopp nå. I den digitale tiden vi lever i, der KI i praksis kan lage låter, og autotune kan gjøre hvem som helst til popstjerner er det ekstra håpefullt at et band som ULD når ut til et stadig større publikum. Det at de har fått norsk vise/folkemusikk med trekkspill, vokal og piano inspirert av Gunvor Hofmo og Jon Fosse inn på Norway Top 50 er verdt en utmerkelse i seg selv, men det er åpenbart ikke derfor juryen i år enstemmig velger å gi dem prisen.

Det er fordi de har en enormt imponerende formidlingsevne og en musikalsk følsomhet få besitter såpass tidlig i karrieren. Og ikke minst er det fordi de brenner for det de driver med, og det de vil formidle. Vi trenger band som ULD. Band som er kompromissløse og trygge i sitt eget uttrykk, samtidig som de er utforskende, åpne og søkende. Band som tør å tenke litt annerledes, stole på seg selv, og gjøre greia si.

Dette håper vi de vil fortsette med, og særlig håper vi at vi får høre flere låter der de får utfolde seg som låtskrivere og tekstforfattere selv.

Vi er stolte av å gi Prøysenprisen til en gruppe med mange blanke ark foran seg, og vi er veldig spente på hvordan de skal fargelegge norsk musikkliv i årene fremover.


Teskjekjerringprisen 2025 til Neda Alaei

Å være ungdomsbokforfattar er ikkje for pyser.

For å lukkas, må ein ta ungdom på alvor. Ein må kjenner dei, lytta til dei, ikkje skrive overfla-tisk eller være redd for å vise kor sårt og vanskeleg livet kan vere – men samtidig gi lesaren eit håp. Ungdomane må kjenne seg igjen, bli engasjert i karakterane, føle at historia er ekte – og den som skriv må ikkje holde noko tilbake.

Det er difor det kjennes så frykteleg godt når ei slik stemme som verkeleg når fram til dei unge dukkar opp. Ei stemme som ikkje berre skriv om ungdom, men for ungdom – med ekte innsikt, respekt og eit brennande engasjement. Årets prisvinnar er ein slik forfattar.

Alei veit dessutan kva ho snakkar om. Ho er sjølv utdanna barnevernspedagog og har jobba tett på ungdommar i sårbare situasjonar. Erfaringane hennar skin gjennom i bøkene. Ho gjer noko så sjeldan som å vise at barnevernet – som ofte blir framstilt som ein trussel – også kan vere ei hjelpande hand. Eit håp. Eit menneske som ser deg.

I På én betingelse møter vi Yousef, ein 16-åring som prøver å finne ut kven han er – mellom lojaliteten til mor, minna om far, ei søster i barnevernet og draumen om å bli fotograf. Det er ei bok om kor vanskeleg det er å stå i spagat mellom ulike verdsforståingar, om skam, om kjærleik, om vennskap – og om kunsten som veg ut av det vanskelege. Ungdommane sjølve har sagt det best: «Karakterene var spennende, det var lett å forstå handlingene deres og bli kjent med dem. Vi følte med karakterene.»

Årets prisvinnar debuterte med «Dette er ikke oss» i 2019. Boka vann både Uprisen, Bokblog-gerprisen og Kulturdepartementets debutantpris – og gjorde det klart at her var det kome ein ny, viktig stemme i ungdomslitteraturen. Og sidan har ho halde fram med å levere. Med «Å fange luft» og «På én betingelse»– som også vant Uprisen i 2024 – har ho etablert seg som ein av dei aller sterkaste forteljarane i norsk ungdomslitteratur.

Men dette handlar ikkje berre om prisar. Det handlar om måten ho skriv på. Måten ho ser ungdommane sine på. Karakterane hennar er ikkje flate og svart-kvitt, dei er fulle av liv og håp, fulle av motsetningar og dei gjer feilsteg – akkurat som verkelege ungdommar.

Ho skriv tett på, med eit språk som kjennest ekte, ein puls som er ungdommens, og med ei djup forståing for kva det vil seie å vere i ein fase der alt kan velte – eller bli redninga. Alaei skriv med eit varmt og levande språk som gjer at ungdom føler seg sett. Ho skaper gjenkjenning og refleksjon – også for dei som ikkje kjenner seg igjen i miljøa ho skildrar. Ho viser korleis det er å vere ung i dag – og korleis det kan bli betre.

Prisvinnaren har trua på Den Eine – at eitt menneske som verkeleg ser deg, kan redde liv. Så la no årets prisvinnar være «den eine» for den neste unge lesaren som kanskje akkurat no treng nokon å identifisere seg med, nokon som gjer at ein føler seg mindre åleine og kanskje til og med sett.

Difor er det ei glede og ei ære å gi Teskjekjerringprisen 2025 til NEDA ALAEI.