Liturgisk musikk for festtidene

Kirkerådet henvender seg til komponister med invitasjon til å sende inn musikk som egner seg godt som liturgisk musikk til leddet Santus-Heilag for festtidene, spesielt til bruk i festgudstjenester.

  • Onsdag 20. april 2016

Mottatt henvendelse fra Den norske kyrkja:

Kyrkjemøtet har gitt Kyrkjerådet i oppdrag å finne fram til ei avgrensa mengd med liturgisk musikk, til bruk i dei fleste hovudgudstenester i kyrkjelydar over heile landet. Deretter skal Kyrkjemøtet 2017 vedta den liturgiske musikk for Den norske kyrkja. Den liturgiske musikken vart sendt på høyring hausten 2015, og inneheldt mellom anna fem «hovudseriar» med musikk til dei faste liturgiske ledda i ei gudsteneste. Tre av seriane er allmenne seriar til bruk i dei fleste gudstenester. To seriar er kyrkjeårsbestemte, av desse er ein serie er særskilt eigna for fastetid og ein serie er særskilt eigna for festtid.

På bakgrunn av høyringa som har funne stad, ønskjer vi eit større tilfang av musikk å vurdere, før vi gjer vedtak om musikken til leddet Sanctus- Heilag i festtidsserien. Musikken kan vere av nyare eller eldre dato, det kan vere kjent og allereie eksisterande musikk, eller heilt nyskriven musikk. Viktige kriterier er at musikken skal vere knytt til teksten, gje grunnlag for god tekstdeklamasjon og eigne seg godt til felles sang i forsamling. Musikken bør ha tydeleg karakter av høgtid og fest, og musikken til Sanctus – Heilag bør eigne seg godt saman med den liturgiske musikken til dei ledda vi allereie har i forslag til festtidsserien, Kyrie-Bønerop (musikk av Trond H.F. Kverno), Gloria- Lovsong (musikk av Trond H.F. Kverno) og Agnus Dei- Du, Guds Lam (musikk av Egil Hovland). For å få tilsendt notar til det allereie eksisterande materialet i denne festtidsserien, ta kontakt med rådgjevar for kyrkjemusikk i Kyrkjerådet, Hildegunn Opstad Smørgrav, på e-post hs484@kyrkja.no eller telefon 23 08 12 59. Vi ber om at forslag til liturgisk musikk for Sanctus – Heilag i festtidsserien vert sendt til den same e- postadressa innan fristen, som er sett til onsdag 20. april 2016.

Del

Kalender

Se hele kalenderen

Medlemsmøte i Bergen
28. september

Arrangementer

Vi arrangerer et felles medlemsmøte med GramArt torsdag 28. september i Bergen under Vi…


Les mer

Nordisk kulturfond
2. oktober

Søknadsfrister

Fra hjemmesiden: Nordisk Kulturfond støtter et fornyet og dynamisk kunst- og kulturliv …


Les mer

Det Norske Komponistfond
2. oktober

Søknadsfrister

Det norske komponistfond skal stimulere til fremme av skapende tonekunst, uavhengig av …


Les mer
Tilbake til toppen